Netter ljose som dagar!

No er endeleg sommaren her! Parkane vert grønare, syrinen blømer og nettene vert ljosare! I siste verset av Ivar Aasen sitt dikt Nordmannen er det skildra slik:

Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingenstad venare sjå.

KSS avsluttar eit innhaldsrikt og fint semester med å feire denne vakre tida på året med konserten Netter ljose som dagar. Sommarkonserten vil by på eit variert, lett og vakkert repertoar sett saman av nasjonalromantiske stykker, viser og folketonar. Me gledar oss!

På programmet står òg innspeling av Åsmund Fejde sitt stykke ”Sonett nr. 8”, som me ser fram til å forevige på plate i byrjinga av juni. Stykket er ein del av ei samling av Shakespeare sine omsette sonetter, og handlar mellom anna om gleda ein kan finne i musikken. Semesteret vert avslutta med at me syng ved innsettinga av Universitetet i Oslo sin nye rektor Svein Stølen 22.juni. Som Universitetet sitt offisielle kvinnekor er det ei viktig hending i året vårt, og me ser fram til å bidra på den høgtidlege markeringa!

Etter dette er det sommarferie for alle kvinder. Me gledar oss til å nyte dei ljose nettene, og dagane, som ventar!

 

KSS på Instagram: